The Masters  
The Powell & Pressburger Pages

Dedicated to the work of Michael Powell and Emeric Pressburger and all the other people, both actors and technicians who helped them make those wonderful films.

A lot of the documents have been sent to me or have come from other web sites. The name of the web site is given where known. If I have unintentionally included an image or document that is copyrighted or that I shouldn't have done then please email me and I'll remove it.

I make no money from this site, it's purely for the love of the films.

[Any comments are by me (Steve Crook) and other members of the email list]

  Steve's Logo


Original at http://www.nvg.ntnu.no/film/tfk/v94/omtaler/0220-MatterOfLife.html
An English translation by Kate Lambert is also available.

A Matter of Life and Death


A Matter of Life and Death Storbritannia, 1946
Regi/Manus Michael Powell/Emeric Pressburger
Med David Niven, Kim Hunter, Richard Attenborough m.f.
104 min 35mm, fargar, engelsk tale, norske tekstar
Utleige NFK


Vi er i England under den 2. verdskrigen. Piloten Peter Carter er på veg heim frå eit bombetokt over Tyskland i eit brennande fly. Peter nyttar det han trur blir dei siste minutta i livet sitt til å tala over radioen om kjærleik og poesi til den amerikanske radiooperatøren June. Så må han hoppa - utan fallskjerm - rett over den engelske kanalen.

Stor er ovundringa til Peter når han merkar at han ikkje berre lever enno, men at han har vorte skylt opp på ei strand like i nærleiken av flybasen sin. Dette "miraklet" viser seg vera ein blunder frå den sendemannen som skulle henta Peter til "the other world". Eigentleg skulle Peter Carter ha døydd denne morgonen, men på grunn av tjukk skodde over England klarte ikkje sendemannen å finna han!

Den ekstra tida som Peter får, på grunn av dette "himmelske rotet", nyttar han til å forelska seg i June. Når så sendemannen endeleg finn han, og gjer han merksam på at han alt er innrulert i arkiva der oppe, er ikkje Peter så viljug til å fylgja med han.

Hovudhandlinga i filmen blir så skildringa av Peters kamp for å få bli mellom dei levande. Ein kamp som når klimaks i ei pompøs rettsak i himmelen, der Peter må argumentera for kvifor nett han skal få endra lagnaden sin og leva vidare.

A Matter of Life and Death er ei forteljing om den store kjærleiken som vinn over alt. Målt mot mediesamfunnet i dag kan denne forteljinga tidvis verka banal og full av barnleg uskuld. Men historia har fleire lag med meining og opnar for ei rekkje interessante tolkingar. Av alle ting så er nemleg denne filmen laga på oppdrag frå den britiske regjeringa.

Etter den 2.verdskrigen var makttilhøva i verda sterkt endra. Trass i at dei hadde vore krigsallierte, var relasjonane mellom det oppsmuldrande britiske imperiet og den nye supermakta USA ikkje dei aller beste. Dei velkjende, vyrde, konservative og på alle vis dana regissørane Powell og Pressburger fekk i denne situasjonen i oppdrag å laga ein film som skulle vera med på å betra desse tilhøva.

Slett ikkje alle vart glade for den noko ukonvensjonelle måten oppdraget vart løyst på. Filmen er full av referansar både til andre kunstverk og til engelsk samtidspolitikk. Dette er i og for seg ikkje noko nytt for Powell og Pressburger då filmane deira må seiast å vera sterkt allegoriske.

Tilhøvet til amerikanarane er mellom anna handsama ved at aktor i rettsaka mot Peter er Abraham Farlan, den fyrste amerikanaren som vart drepen av ei engelsk kule under den amerikanske frigjeringskrigen. Noko som fører med seg at mange av dei overgrepa engelskmennene har utført mot folk verda over blir trekte fram.

Skildringa av ulikskapane mellom det jordiske livet og livet etter dauden vekte ein del oppstyr då filmen kom. Himmelen -- her eit sentralistisk, planstyrt og byråkratisk samfunn -- gjekk rett inn i ordskiftet om oppattbygginga av England etter krigen og for ikkje å tala om at det svara vel til biletet folk hadde av Sovjet.

Vi kan òg sjå tilhøvet mellom himmelen og jorda som ei jamføring av europeiske styresett; himmelen står for den sør-europeiske, legalistiske modellen der det er det same kva du gjer berre du fylgjer lova. Medan på jorda rår det anglo-saxiske/nordiske idealet, prega av liberale, demokratiske og individualistiske idear. Her er det ikkje autoritetar som pregar samhandlinga, men relasjonar av opne, generøse venskap; til dømes mellom lækjaren, June og Peter.

Men Powell og Pressburger har meir på hjartet. Kampen mellom liv og død er både ein fysisk og ein intellektuell kamp. Denne pragmatiske haldninga, at ein alltid bør sjå eit problem frå alle vinklar, er noko som går att i alle Powell sine filmar. Det heng òg saman med det typisk (?) britiske synet om alltid å vera balansert, eller snarare moderat, i liv og yrke. Denne dyden finn vi i den samansette karakteren Peter. Han er bombeflygar, men har studert historie, spelar sjakk og skriv poesi -- men ikkje for modernistisk.

Mennene bak filmen, Powell og Pressburger, var legendariske i si tid under tilnamnet "The Archers". Dei produserte ei rekkje filmar og nådde både eit kunstnarisk og kommersielt høgdepunkt på slutten av 40-talet. Mellom dei mest kjende produksjonene deira finn vi filmar som The Life and Death of Colonel Blimp, Black Narcissus og The Red Shoes.Powell heldt fram med å laga film etter at "The Archers" vart oppløyst, og laga i 1960 den illgjetne Peeping Tom (TFK 1990). Ein psykologisk triller som i ettertid har stadfest den store innverknaden Powell har hatt for filmskaparar etter han.

Eit særskilt kjennemerke for Powell og Pressburger er blandinga mellom avant garde og massekultur. Den same balansen som eg har peikt på i historia ovanfor finn vi òg i dei andre "Archers" produksjonane. Her blir fantasi og kunst vogne opp mot rasjonalitet og røynd i livet. Filmane deira vender seg mot skula sjåarar, men historiene har alltid hatt appell til eit breiare publikum og dei vart alle store suksessar.

gk


Nettverksgruppa 20/1-94, www@nvg.ntnu.no

See here for the translation into English.


Back to index